Ny basisutstilling Bryggens Museum
Utstillingsprosjektet var eit samarbeid mellom Bymuseet i Bergen og Universitetsmuseet i Bergen. Hovedprosjektet var fornying av basisutstillingane, samstundes skulle alle publikumsareal oppgraderast. Opna januar 2020.
For å lage museums og utstillingskonseptet blei det danna ei kreativ gruppe. Utstillingsarkitekt og gruppeleiar: Anne Mette Prestegård, arkitekt Fortunen arkitekter: Ana Maria Pop og Nils Mannsåker, grafisk design: Tine Fuglseth, scenograf: Silje Sandodden Kise, fagleg ansvarleg: Sigrid Samset Mygland, ekstern prosjektleiar Erstad og Lekven: Kjartan Åsmul, utstillingsarkitekt Rune Kvam frå Bymuseet var og med i delar av prosjektet samt andre frå museet og lysdesignar var Lorang Brendløkken frå Ljossatt.
Bryggens Museum er eit middelalderarkeologisk museum som formidlar middelalderarkeologi og byens eldste historie. Museet er bygd opp kring restane av dei eldste bygningane som er funnen i Bergen, dette skulle framleis formidlast.
Konsept
Vi ville at historia om utgravingane som fann stad på 50- og 60-talet skulle vere ein inngangsport til utstillinga. Det vart tidleg tenkt inn ei rampe som skulle føre ned til utgravingsfeltet som ein tidstunnel, her skulle ein få kjensle av å gå ned i tid gjennom brann og kulturlag og bygningsrestane skulle iscenesetjast. Det vart tatt i bruk virkemidlar som lys, lyd, lukt og animasjonar og tenkt varige enkle teknologiske løysingar. Hoveddelen av utstillinga er gjenstandsbasert. Utstillingsarkitekt arbeidde tett med arkeolog og konservator for å finne dei beste materialane og den mest skånsomme måten å vise funna på. Det vart og laga ei mengde kopiar til å ta på, desse for det meste til bruk på formidlingsrommet som og var ein del av prosjektet. Innreiing til butikk og formidlingsrom vart teikna av Haltenbanken i dialog med arkitekt og utstillingsarkitekt. Det vart laga ei eiga løype for born, denne var tenkt inn frå starten. Vi arbeidde med brannlag/kulturlag som ein gjennomgåande idé og ynskte at ein skal få kjensle av at gjenstandane ligg i lag under jorda.
Betraktningar
Den prisvinnande arkitekturen til Bryggens Museum har vore ein raud tråd i heile prosjektet. For å vera eit moderne Museum i dag og i framtida måtte ein gjere enkelte grep i bygget frå 70-tallet, alt vart gjort med tanke på å behalde det særeigne i arkitekturen. Bygget var når det vart teikna godt løyst med tanke på universell utforming, men krava har endra seg og å få til dagens krav til universell utforming var utfordrende og lot seg ikke alltid løyse, vi hadde møter med dei ulike brukerorganisasjonane for funksjonshemma for å finne løysingar.