Prestegård Design er eit interiør og designstudio, med fokus på utstillingsarkitektur.
Kompetanseområde museum & utstillingsdesign, konseptutvikling, museumsgjenstandar, brukaroppleving, historieforteljing i rom, interiørarkitektur og møbeldesign.
Anne Mette Prestegård er dagleg leiar, interiør og utstillingsarkitekt i firmaet. Ho er utdanna interiørarkitekt og møbeldesignar, Anne Mette har 14 års erfaring som utstillingsarkitekt for Bymuseet i Bergen, og har sidan hovudfag på Kunsthøgskolen fokusert på utstillingsarkitektur. I jobben på Bymuseet har ho fått god erfaring med alt innan utstillingsprosessar frå forprosjekt til ferdig resultat. Ho er godt kjent med arkiv og magasin, har god kunnskap om museumsgjenstandar og kva som krevst når dei skal stillast ut. Hausten 2019 starta ho Prestegård Design.
Anne Mette er særleg opptatt av å skape ei sanseleg oppleving, og kan mykje om korleis publikum beveger seg og kva som skal til for å fange merksemd. Ho er god på samarbeid med fagpersonar og på å få kunnskap omskapt til fortelljingar i rom.
Kundeliste Prestegård Design Bymuseet i Bergen, Musea på Sunnmøre, Museum Vest, Museumssenteret i Hordaland, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Stiftelsen Espeland fangeleir, Osafestivalen, Nattjazz, Nordmørsmusea og Musea i Sogn og Fjordane
Instagram: @prestegaard_design
Facebook: @prestegaard.design