Mellomalderarkeologisk utstilling om runematerialet i Bergen og omegn. Forarbeid til ny basisiutstilling på Bryggens Museum. Runepinnane er sårbare for lys og krev stabil luftfukt. Ei utfordring var at utstillingsrommet har dagslys. For å skjerme for lys laga vi ein stor boks i rommet, vi ville at publikum skulle få kjensle av å gå inn i eit eige univers. Blåfargen kom til med tanke på dette. Montrene er spesialbestilt og er av materialar som ikkje kan skada gjenstandane over tid. Dei har eit kammer for silicagel, mengde og type av denne er med å halde luftfukta stabil og i ei viss prosent. Utforminga er gjort i samarbeid med utstillingsarkitekt Rune Kvam og grafisk designar Tine Fuglseth.