Håkonshallen i Bergen er ein bygning med ei historie som strekk seg tilbake til mellomalderen dette måtte vi ha med oss i tankane når Bymuseet i Bergen endeleg fekk pengar til nye stolar. Det var på tide å byte ut dei gamle stolane for lengst, men pengane til nye stolar kom ikkje før stolen til forsvarsministeren knakk under ei tilstelling. Kriteriane for dei nye stolane var at dei skulle passa godt inn i hallen reint estetisk, dei måtte kunne stablast, skulle vera god å sitje i, ha god kvalitet, kunne byte delar på, ha vaskbart trekk, skulle vera med og utan armlener og fungere til middagar, konsertar og andre arrangementer. Det vart ein lang prosess med anbudsrundar, visning av stolar og tildeling. Stolen som vant var Modus stablestol produsert av Helland og designa av Fredrik Torsteinsen. Stolen hadde det meste av det vi ynskte oss. Den er også robust og stødig og passar godt til eikegolvet i hallen. Vi valgte svarte stolputar inne i hallen då vi ville oppnå eit røft preg som samstundes skulle vera diskre for ikkje å konkurrera med andre freda element. I tillegg til pengar til stolar fekk ein ei gåveforsterking, denne vart mellom anna brukt til nye benkeputar og stolputar nede.
Foto: Kjell-Erik Hopland