Jubileumsutstilling Nattjazz 50 år. Utstillinga er laga i tett samarbeid med nattjazz og grafisk designar Kåre Thomsen, festivaldesignaren har laga alle dei fine plansjane. Oppdraget var og å skape god stemning i rommet slik at publikum skulle få lyst til å gå inn her og få eit historisk tilbakeblikk. Gjenbruk er viktig for Nattjazz og vi ville gjenskape festivalstemninga ved bruk av gamle møblar og lampar. Vimplane er laga av gamle bannere og sydd av frivillige. Vi kjøpte inn lysslynger for å forsterke festivalstemninga, desse kan brukast seinare. Dei fine svart kvitt bileta av artistar er gjenbruk. Alle plakatane er laga av haldbare plater med tanke på seinare bruk.