Ny basisutstilling Bryggens Museum
Utstillingsprosjektet var eit samarbeid mellom Bymuseet i Bergen og Universitetsmuseet i Bergen. Hovedprosjektet var fornying av basisutstillingane, samstundes skulle alle publikumsareal oppgraderast. Opna januar 2020.
For å lage museums og utstillingskonseptet blei det danna ei kreativ gruppe. Utstillingsarkitekt og gruppeleiar: Anne Mette Prestegård, arkitekt Fortunen arkitekter: Ana Maria Pop og Nils Mannsåker, grafisk design: Tine Fuglseth, scenograf: Silje Sandodden Kise, fagleg ansvarleg: Sigrid Samset Mygland, ekstern prosjektleiar Erstad og Lekven: Kjartan Åsmul, utstillingsarkitekt Rune Kvam frå Bymuseet var og med i delar av prosjektet samt andre frå museet og lysdesignar var Lorang Brendløkken frå Ljossatt.
Bryggens Museum er eit middelalderarkeologisk museum som formidlar middelalderarkeologi og byens eldste historie. Museet er bygd opp kring restane av dei eldste bygningane som er funnen i Bergen, dette skulle framleis formidlast.
Konsept
Vi ville at historia om utgravingane som fann stad på 50- og 60-talet skulle vere ein inngangsport til utstillinga. Det vart tidleg tenkt inn ei rampe som skulle føre ned til utgravingsfeltet som ein tidstunnel, her skulle ein få kjensle av å gå ned i tid gjennom brann og kulturlag og bygningsrestane skulle iscenesetjast. Det vart tatt i bruk virkemidlar som lys, lyd, lukt og animasjonar og tenkt varige enkle teknologiske løysingar. Hoveddelen av utstillinga er gjenstandsbasert. Utstillingsarkitekt arbeidde tett med arkeolog og konservator for å finne dei beste materialane og den mest skånsomme måten å vise funna på. Det vart og laga ei mengde kopiar til å ta på, desse for det meste til bruk på formidlingsrommet som og var ein del av prosjektet. Innreiing til butikk og formidlingsrom vart teikna av Haltenbanken i dialog med arkitekt og utstillingsarkitekt. Det vart laga ei eiga løype for born, denne var tenkt inn frå starten. Vi arbeidde med brannlag/kulturlag som ein gjennomgåande idé og ynskte at ein skal få kjensle av at gjenstandane ligg i lag under jorda.
Betraktningar
Den prisvinnande arkitekturen til Bryggens Museum har vore ein raud tråd i heile prosjektet. For å vera eit moderne Museum i dag og i framtida måtte ein gjere enkelte grep i bygget frå 70-tallet, alt vart gjort med tanke på å behalde det særeigne i arkitekturen. Bygget var når det vart teikna godt løyst med tanke på universell utforming, men krava har endra seg og å få til dagens krav til universell utforming var utfordrende og lot seg ikke alltid løyse, vi hadde møter med dei ulike brukerorganisasjonane for funksjonshemma for å finne løysingar.
Temporær utstilling for Bergens Sjøfartsmuseum. Det skeive blikket vart retta mot livet ombord på norske skip i utenriksfart, i tiårene før og etter avkriminaliseringa. Utstillinga er utforma i tett samarbeid med museet. Utstillingsdesignet blei utarbeidd i lag med Thomas Sivertsen og Hannah Sorrell, begge masterstudentar ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Utstillinga opna oktober 2022. Oppdragsgjevar: Museum Vest
Eg er fortruleg med mange typar gjenstandar. Ulike objekt treng ulik tilnærming. Når det gjeld arkeologisk materiale krev dette heilt spesielle kunnskapar og tett dialog med konservator. Eg har lang erfaring med dette og kan mykje om klimaregulering og lys i montre. Enkelte objekt er særskilt verdifulle eller uerstattelege og må ha tilpassa montre med ekstra høg sikring, dette er noko eg har vore med å utforma. Eg likar også godt å jobbe med kunst, fotografi og nyare objekt.
Ny basisutstilling på Nordfjord Folkemuseum. Tema: Attåtnæring. Utstillinga er utarbeidd i samarbeid med museet, mykje av arbeidet er utført lokalt og av handverkarane på museet. Prestegård Design var involvert i det meste frå konseptutvikling, temainndeling, fargesetting, utforming av montre, belysning til montering av gjenstandar. Grafisk design Silja Haddal Mork var og med på konseptutviklinga med meir. Opna juli 2023. Oppdragsgjevar Musea i Sogn og Fjordane
I 2022 laga vi vandreutstillinga Systerspel i samarbeid med Osafestivalen og Benedicte Maurseth. Utstillinga er ein av fleire delar i prosjektet Systerspel. Benedicte har laga manus til ei bok og det har og blitt produsert ei konsertførestilling med same tittel. Birk Nygaard er scenograf for konsertførestillinga. Rune Døli er grafisk designar for boka og illustratør har vore Mari Kanstad Johnsen, dei var og med å laga utstillinga. Første visningsstad var Voss Sparebank. Utstillinga opna under Osafestivalen oktober 2022. For booking av konsertførestilling og utstilling, ta kontakt med Osafestivalen.
Jubileumsutstilling Nattjazz 50 år. Utstillinga er laga i tett samarbeid med nattjazz og grafisk designar Kåre Thomsen, festivaldesignaren har laga alle dei fine plansjane. Oppdraget var og å skape god stemning i rommet slik at publikum skulle få lyst til å gå inn her og få eit historisk tilbakeblikk. Gjenbruk er viktig for Nattjazz og vi ville gjenskape festivalstemninga ved bruk av gamle møblar og lampar. Vimplane er laga av gamle bannere og sydd av frivillige. Vi kjøpte inn lysslynger for å forsterke festivalstemninga, desse kan brukast seinare. Dei fine svart kvitt bileta av artistar er gjenbruk. Alle plakatane er laga av haldbare plater med tanke på seinare bruk.
Kystmuseet i Øygarden: Ny temporær utstilling, tema: Bryllaupstradisjonar i Øygarden. Tittel: Vil du gifta deg Anna.. Utstillingskonsept, utstillingsmonter, utstilling av museumsgjenstander, med fokus på brudedrakt. Opna juli 2021. Oppdragsgjevar: Museum Vest
Bergens Sjøfartsmuseum: Ny temporær utstilling, tema: Cruisebyen Bergen, Prestegård Design var utstillingsarkitekt og utviklet utstillingskonseptet i samarbeid med museet. Grafisk design og produksjon tekst/bilete Reklamehuset AS. Utstilling ferdigstilt juni 2021. Oppdragsgjevar: Museum Vest. Foto: Silje Katrin Robinson
Mellomalderarkeologisk utstilling om runematerialet i Bergen og omegn. Forarbeid til ny basisiutstilling på Bryggens Museum. Runepinnane er sårbare for lys og krev stabil luftfukt. Ei utfordring var at utstillingsrommet har dagslys. For å skjerme for lys laga vi ein stor boks i rommet, vi ville at publikum skulle få kjensle av å gå inn i eit eige univers. Blåfargen kom til med tanke på dette. Montrene er spesialbestilt og er av materialar som ikkje kan skada gjenstandane over tid. Dei har eit kammer for silicagel, mengde og type av denne er med å halde luftfukta stabil og i ei viss prosent. Utforminga er gjort i samarbeid med utstillingsarkitekt Rune Kvam og grafisk designar Tine Fuglseth.
Ei utstilling laga i samarbeid med spesialsamlinga ved Universitetet i Bergen og Bymuseet i Bergen. Tema: 100 årsmarkering av Bergensbrannen 1916. Vi ville få fram korleis denne brannen har vore med og forma byen. Utstillinga blei tredelt, før, under og etter brannen. Hovedfokus var den fantastiske samlinga fotografi frå spesialsamlinga, i tillegg fekk me spora opp og stilte ut gjenstandar brukt før, under og etter brannen. Grafisk design Tine Fuglseth.
Foto: Morten Heiselberg
Utarbeide eit fleksibelt utstillingssystem til eit nytt utstillingsområde på Universitetsbiblioteket i Bergen, Humaniora. Konseptet gjeld planløysing og møblering av utstillingsareal. Dei treng eit fleksibelt modulsystem som kan brukast til framtidige utstillingar, belysning skal også integrerast i dette. Utstillingarealet skal utformast slik at biblioteket sjølv skal kunne lage utstillingane. Glasmonter skal vere godkjent for utstilling av museumsgjenstander og gamalt arkivmateriale. Utstillingsmontre frå Glasbau Hahn og Mila Wall levert av Exponent. Ferdigstilt oktober 2021. Oppdragsgjevar: Universitetet i Bergen. Foto: Morten Heiselberg, UiB.
Formidling av eit forskningsprosjekt. Kva finn ein ut når ein forskar på eit skjelett? Vi ville at ungar skulle få ei spesiell oppleving i utstillinga og kjøpte inn forskarfrakkar, briller og anna utstyr. Det blei laga eit eige hefte med oppgåver dei skulle løyse. Premien var ein “tatovering” av ein hovudskalle. Det var og ein stasjon i utstillinga der ein kunne få vite meir og/eller ein kunne laga sitt eige “sprellemannskjelett”. Bymuseet i Bergen i samarbeid med Universitetet i Bergen. Grafisk design Tine Fuglseth.
Ei utstilling om folk som samlar på ting. Kva samlar dei og kvifor samlar dei? I dette prosjektet var rolla mi utstillingsarkitekt, i tillegg var Per Bækken innleigd grafisk designar. Resultatet blir ofte best med tverrfagleg samarbeid.
Foto: Rolf Rose Jensen
Ei utstilling om dyrebein frå mellomalderen. Kva kan dei fortelje oss i dag? I utgangspunktet ei vandreutstilling, men her måtte eg væra både utstillingsarkitekt og grafisk designar. Budsjettet var begrensa. Eg hadde ansvar for det meste av utstillingsproduksjon, produksjonsfilar, kontakt med trykkeri og andre.
Ei utstilling på 350 m2 laga i samarbeid med Bymuseet i Bergen og Kirsten Hetland. Prosjektet hadde svært begrensa med midlar. Eg hadde mange roller, blant anna utstillingsarkitekt, kurator og grafisk designar. Vi ville vise mengde og mangfold. Audun Hetland var svært produktiv og allsidig. Han var reklametegnar, illustratør, avistegnar og mykje meir. I tillegg ynskte vi å få fram kven han var som person.
Auditoriumet på Bryggens Museum skulle oppgraderast. Museet er frå 1976 og vi ville behalde litt av 70-tallspreget. Alle stolar, golv og teknisk utstyr blei bytt ut, men fargetonane er i stor grad dei same som før.
Håkonshallen i Bergen er ein bygning med ei historie som strekk seg tilbake til mellomalderen dette måtte vi ha med oss i tankane når Bymuseet i Bergen endeleg fekk pengar til nye stolar. Det var på tide å byte ut dei gamle stolane for lengst, men pengane til nye stolar kom ikkje før stolen til forsvarsministeren knakk under ei tilstelling. Kriteriane for dei nye stolane var at dei skulle passa godt inn i hallen reint estetisk, dei måtte kunne stablast, skulle vera god å sitje i, ha god kvalitet, kunne byte delar på, ha vaskbart trekk, skulle vera med og utan armlener og fungere til middagar, konsertar og andre arrangementer. Det vart ein lang prosess med anbudsrundar, visning av stolar og tildeling. Stolen som vant var Modus stablestol produsert av Helland og designa av Fredrik Torsteinsen. Stolen hadde det meste av det vi ynskte oss. Den er også robust og stødig og passar godt til eikegolvet i hallen. Vi valgte svarte stolputar inne i hallen då vi ville oppnå eit røft preg som samstundes skulle vera diskre for ikkje å konkurrera med andre freda element. I tillegg til pengar til stolar fekk ein ei gåveforsterking, denne vart mellom anna brukt til nye benkeputar og stolputar nede.
Foto: Kjell-Erik Hopland
Utstilling på Bryggens Museum om overtru og magi i mellomalderen og fram til i dag. Utstillingskonsept utarbeidd i samarbeid med designfirmaet Grom.